Fjernsupport

Om du står fast, noko du ikkje får til eller du treng raskt å få løyst eit problem på di datamaskin kan vi hjelpe deg via fjernsupport. Det er ei løysing som lar VIT sin supportmedarbeidar koble seg til skrivebordet ditt, for å fjernhjelpe deg på di maskin.

VIT kan tilby fjernsupport

VIT tilbyr fjernsupport for alle kundar. I ulike situasjonar kan det være meir hensiktmessig med fjernsupport enn at vi kjem til deg eller at du kjem til oss. Døme kan være at det er lang reise og kortvarig supporttid.

Før du tek det i bruk må du avtale tidspunkt med oss.

All informasjon som vert overført i ei økt med Teamviewer vert sendt over ei 100% trygg, kryptert line.

 

Vi nyttar TeamViewer til denne tenesta, og du slepp med det å installere programvare på di datamaskin. All informasjon som vert overført i ei økt med Teamviewer vert sendt over ei 100% trygg, kryptert line. Når sesjonen er over, vert forbindinga broten og kan ikkje opnast igjen før du sjølv oppgjev ditt unike ID-nummer og passord til vår supportmedarbeidar.

Det du treng å gjere er å laste ned klienten her. Når du har lasta ned programmet, startar du det, og informerar supportmedarbeidaren om din ID og passord.