Generelt om Webdesign

Webdesign er meir enn å forflytte presentasjonsmaterialet frå papir til internett eller å omgjera trykt materiale til digital form. VIT hjelper deg å bygge websida di på best mogeleg måte.

Vi lagar websider heilt etter dine behov og lommebok. Frå enkle websider med elementære presentasjonar innanfor ei rimeleg kostnadsramme til avanserte webløysingar med animasjonar, e-handelsløysingar – kva enn du måtte ynskje.
Ei god webside oppfyll nokre gjevne kriteria:

  • Er i stil med din eksisterande visuelle profil
  • har eit profesjonelt design
  • gjev tilleggsverdi til firmaet ditt
  • gjer det enkelt å kommunisera med kundane dine
  • gjev kundane dine god og oppdatert informasjon

I samarbeid med deg vil VIT kunne utvikle dine websider i tråd med dei kriteria som er viktigast for deg. Kanskje du spør deg om kva nytte ditt firma eller organisasjon kan ha av dynamiske detaljar. Lat oss få komme med nokre døme.:

  • Legge inn supertilbod som vert presentert på framsida til din butikk. Dette kan være timetilbod eller tilbod som gjeld over lengre tid.
  • Legge inn nyhende. Det kan være at ditt firma fekk det store oppdraget som sikra firmaet i to år framover.
  • Online påmelding. Organisasjonen som du leiar skal ha eit større stemne. Kvifor ikkje spare litt arbeid og la deltakarane melde seg inn og velje dei aktivitetane som dei vil.
  • Kundane dine vil registrere kva varer dei vil ha i ei form for handlevogn via internett og komme innom seinare på dagen for å betale og hente varene. Dei slepp å bruke tid på å gå i butikken om dei har det travelt.
  • Er det travelt på kontoret kan kundane dine få registrere sitt telefonnummer og så tar ditt firma kontakt når det er ledig tid.
  • … pluss, pluss, pluss

Dette er berre nokre få forslag til funksjonalitet som kan lagast til, berre fantasien set grensene.

…ta kontakt med oss for ein uforpliktande samtale.